Den engelske kanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av den engelske kanalen

Den engelske kanalen (engelsk The English Channel, fransk La Manche) er sundet som skil England frå Frankrike. Det er ein del av Atlanterhavet, og knyter dette til Nordsjøen. Kanalen er smalast i Doverkanalen, dvs. mellom Dover og Calais der han er 34 km breid. På det breidaste er han 240 km.

Kanaløyane Jersey og Guernsey og ein del småøyar ligg i kanalen, nærmast den franske sida. Ile d'Ouessant markerer den vestlege enden åt kanalen, Pas de Calais (engelsk The strait of Dover) den austlege.

Opphavet åt kanalen[endre | endre wikiteksten]

Klippene i Dover

Før slutten åt den siste istida, for omkring 10 000 år sidan, var Dei britiske øyane ein del av det europeiske fastlandet. Då isen smelta vart det danna ein stor ferskvasssjø i den sørlege delen av området, den som i dag er Nordsjøen. Vatn rann ut frå denne sjøen til Atlanterhavet mellom Dover og Calais.

Omkring år 6500 fvt. slipte kraftig erosjon bort kalk slik at Den engelske kanalen vart danna. Han er seinare vorten noko breiare når bølgjene har tært på kalkklippene. Denne utviklinga held fram.

Kanaltunnelen[endre | endre wikiteksten]

Kanaltunnelterminalen ved Dover.

Planane om ein tunnel under kanalen er gamle. I det 19. hundreåret vart det teke fleire prøver av grunnen, og gravinga byrja, men det synte seg at teknologien ikkje var komen langt nok.

Fyrst i 1994 opna Kanaltunnelen, som bind saman Cheriton i Kent på den engelske sida og Sangatte på den fransk sida. Den er ein jernbanetunnel, som vert bruka både til person- og godstransport.

Kryssingar av kanalen[endre | endre wikiteksten]

Den engelske kanalen er så smal at han lett kan kryssast, men likevel eit hinder ein må forbi, både for enkeltpersonar og armear. Han er kjend som invasjonsveg for normannarane i 1066, den spanske armadaen i 1588, og den britiske hæren under D-dagen i 1944.

Medan sjøfolk har kryssa kanalen dagleg i fleire hundre år, er det og blitt gjort mange uvanlege forsøk på å koma seg over til den andre sida utan bruk av båt.

Fyrste luftferd 7. januar 1785 vart franskmannen Jean-Pierre Blanchard og amerikanaren John Jeffries dei fyrste som kryssa kanalen med ballong.
Fyrste symjar Den fyrste som sumde over kanalen var Matthew Webb, i 1875. 6. august 1926 vart Gertrude Ederle den første kvinna som gjorde dette, og ho slo samstundes mannsrekorden med to timar.
Fyrste i fly Den fyrste som flaug over kanalen i fly var Louis Bleriot, i 1909.
Fyrste i menneskedrive fly I 1979 vann Bryan Allen 100 000 pund da han vart den fyrste som til å kryssa kanalen i eit menneskedrive fly. Han hadde då trakka pedalane åt det omkring 35 kg tunge Gossamer Albatross i tre timar.
Fyrste frie svev 31. juli 2003 hoppa den austerrikske fallskjermhopparen Felix Baumgarter ut av eit fly omkring 9 000 m over Dover, og med venger av karbon sigla han i fritt fall over til Calais der han opna fallskjermen.

Siste verdsrekord[endre | endre wikiteksten]

Den siste verdsrekorden som vart sett for ei kanalkryssing var då Sir Richard Branson slo rekorden for amfibiebil-kryssing med omkring seks timar den 14. juni 2004.