Den europeiske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Topografisk kart over Europa
Topografisk kart over Europa

Den europeiske sletta eller Den store europeiske sletta er ei slette i Europa. Ho er det største fjellause landskapet i Europa, men det ligg fleire høgland innanfor området. Ho strekkjer seg frå Pyreneane og Atlanterhavet i vest til Uralfjella i aust.

Ho består av Det nordeuropeiske låglandet og Den austeuropeiske sletta. Underinndelinga har historisk opphav og er ikkje ein geomorfologisk inndeling. Den austeuropeiske sletta var delen av Den europeiske sletta som høyrte til Det russiske keisardømet og vart derfor tidlegare òg kalla Den russiske sletta.

I Vest-Europa er sletta relativt smal i den nordlege delen av kontinentet, men vert langt breiare mot aust i Vest-Russland.

Mange viktige elvar renn over slettene, som Loire, Rhinen og Vistula i vest, Nordre Dvina og Daugava renn nordover i Aust-Europa og Russland, og Volga, Don og Dnepr renn sørover i den europeiske delen av Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]