Den første engelsk-nederlandske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engelsk-nederlandske krigar
Første · Andre · Tredje · Fjerde
Slag under den første engelsk-nederlandske krigen

Den første engelsk-nederlandske krigen (16521654), kalla den første nederlandske krigen i England og den første engelske sjøkrigen i Nederland, var den første av fire engelsk-nederlandske krigar. Heile krigen vart utkjempa til sjøs mellom marinen til Det britiske samveldet og Dei sameinte Nederlanda. Krigen starta som ein strid over handel og byrja med engelske åtak på nederlandske handelsskip. Den engelske marinen fekk kontroll over havområda rundt England og tvinga Nederland til å aksepterte engelsk monopol på handel mellom England og dei engelske koloniane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.