Den femte franske republikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelen er ein del av serien
Fransk historie

Den femte franske republikken er Frankrike sin femte og noverande republikanske grunnlov, oppretta den 5. oktober 1958. I motsetnad til tidlegare republikkar, var ikkje den femte ein reaksjon eit autoritært regime, men på den fjerde republikken si politiske og militære krise. Den femte republikken erstatta den fjerde republikken, som vart oppfatta som svak og fraksjonsprega, med ei sterkare utøvande makt.

Bakgrunnen for den fjerde republikken sitt fall var Algerie-krisa og avkoloniseringa. Algerie utgjorde ei særleg stor utfordring, då mange franskmenn hadde slege seg ned der, og desse motsette seg avkolonisering av Algerie. Dei militære i Algerie under leiing av general Massu gjorde et kupp i april 1958 og kravde de Gaulle tilbake til makta. Den 1. juni same år vart de Gaulle innsett som statsminister og gjeven i oppdrag å revidera grunnlova.

Den femte republikken si grunnlov etablerte eit sterkt presidentembete og eit parlament utgjort av to kammer: eit underhus (Assemblée Nationale) og eit overhus (Sénat).

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.