Den franske marinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den franske marinen, offisielt Marine nationale og ofte kalla La Royale[1] (tyder Den kongelege marinen), er den maritime delen av det franske forsvaret. Det består av alle typar fartøy, frå patruljebåtar til fregattar med styrte missilar, mellom anna eit atomdrive hangarskip og ti atomdrivne ubåtar.

Mottoet til den franske marinen er Honneur, Patrie, Valeur, Discipline («Ære, fedreland, mot, disiplin»). Desse orda finn ein på dekk på alle skip i marinen.

Den franske marinen i dag[endre | endre wikiteksten]

Marinen er inndelt i 5 undergreiner

  • Force d'Action Navale Overflateflåten. Hovuddelen av den franske marine
  • Force Océanique Stratégique Strategiske ubåt flåten
  • Aviation navale Flystyrken til marinen, vert nytta på hangarskipet m.a.
  • Fusiliers Marins bakkestyrkar som vernar landinnstallasjonar og Commandos de Marine - kommandostyrkar / marinejegerar
  • Gendarmerie Maritime, politi og kystvakt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Randier, Jean (2006). La Royale : L'histoire illustrée de la Marine nationale française. ISBN 9782352610229.