Den fyrste opiumskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den fyrste opiumskrigen
Juncosob bom.jpg
Eit kinesisk skip vert øydelagt av krigsskipet «Nemesis» på dette britiske litografiet frå 1800-talet.
Dato 18391842
Stad Asia
Resultat Britisk siger og Nanjingtraktaten
 – Frihandel med Kina
 – Avstå Hongkong til Storbritannia
 – Guangzhou, Amoy (Xiamen), Foochow (Fuzhou), Shanghai og Ningpo vert «traktatshamner»
 – Krigserstatning betalt av Kina
Partar
Flag of the British East India Company (1801).svg EITC
Kommandantar
Flag of the British East India Company (1801).svgCharles Elliot
Flag of the British East India Company (1801).svg Anthony Blaxland Stransham
China Qing Dynasty Flag 1889.svg Keisar Daoguang
China Qing Dynasty Flag 1889.svg Lin Zexu

Den fyrste opiumkrigen braut ut i 1839 og varte til 1842. Det var ein handelspåverka krig mellom Storbritannia og Qing-dynastiet i Kina. Han vert ofte sett på som starten på Europa sitt imperialistiske overherredøme mot Kina.

Tidleg på 1800-talet var frakt frå Kina til europearar ekstremt lukrativt. Men samhandelen med Kina leid av det faktum at Kina mangla interesse i utanlandske produkt, slik at det var vanskeleg å finna varer Kina ville kjøpa. Sølv var ei av dei. Britane fann at opium var ei anna mogleg handelsvare, og ville bruka den narkotiske effekten i økonomisk vinning.

Mellom åra 1821 og 1837 vart importen av narkotika femdobla.

Dei kinesiske statsmaktene prøvde å få ein slutt på denne handelen, på grunn av at helsa til brukarane vart øydelagt. Det var til å byrja med vellukka etter at Charles Elliott måtte overgjeva det gjenverande lageret med opium i mai 1839 til Lin Zexu for destruksjon. Det vart brent på stranda ved Humen, ein by ved Perlefloda sin munning.

Men berre to månadar seinare tok to britiske sjømenn livet av ein kinesisk mann og vart stilt for retten under eit britisk organ, kalla «ekstraterritorialitet». Dei vart dømde i ein britisk rett i Kanton (Guangzhou). Kinesarane derimot kravde at dei britane skulle overgje dei to mennene til kinesisk varetekt.

Då britane nekta, vart dei jaga bort frå Kina. Då dei seinare budde seg til krig, angreip og tok dei Hongkongøya og brukte henne som base. Krigen slo ut i juli då HMS «Volage» og HMS «Hyacinth» sigra og øydela 29 kinesiske skip.

I midten av 1842 hadde britane sigra over kinesarane ved munningen av deira andre største handelselv, Yangtze, og hadde okkupert Shanghai. Krigen enda i august 1842 Nanjingtraktaten. Sir Anthony Blaxland Stransham leia den kongelege marinen gjennom opiumskrigen som ung offiser, og vart tildelt to riddarskap av dronning Victoria.

Nanking-traktaten batt Kina til fri handel, inkludert opiumshandel. Hong Kong vart overlaten til Storbritannia, og Guangzhou, Amoy (Xiamen), Foochow (Fuzhou), Shanghai og Ningpo vart «traktatshamner» som vart opna for alle handelsmenn. Reparasjonar vart betalt av kinesarane.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!