Den gregorianske kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den gregorianske kalenderen er ein kalender som vart innførd av pave Gregor XIII i 1582 i dei katolske landa, og er den som vert brukt i Noreg og ein stor del av landa i verda i dag.

Denne kalenderen erstatta den julianske kalenderen som Julius Cæsar innførde i år 45 f.Kr. Den gregorianske skulle korrigere skeivskapen i den julianske kalenderen, som i løpet av åra hadde gjort at ingen av månadane samsvarte med årstidene lenger. Den julianske kalenderen var 0,0078 døgn lengre enn det tropiske året som årstidene følgjer, eller 11 minutt og 14 sekund. Eit tropisk år varar i røynda 365,24219878 døgn.

Den gregorianske kalenderen har derfor 365 dagar, pluss skotår kvart 4. år, bortsett frå år som er delelege på 100. År som er delelege på 400 er likevel skotår.

Det vil seie at år 1996 er skotår, 2000 er skotår, 2004 er skotår, men 2100 er ikkje skotår. Dette gjev ei årslengd på 365,2425, noko som gjev eit avvik frå det tropiske året på berre 3 dagar per 10.000 år.

I Danmark og Noreg vart den julianske kalenderen brukt fram til søndag 18. februar 1700. Då «hoppa» kalenderen til måndag 1. mars, som var fyrste dato etter at den gregorianske kalenderen var innført.

Romerkyrkja lét torsdag 4. oktober gå over til fredag 15. oktober.

Island og Færøyane vart den nye kalenderen innførd litt seinare, med at laurdag 16. november vart følgd av søndag 28. november.

Sverige (og derfor Finland) òg freista ein gradvis overgang. Planen deira var å utelata skotårsdagen i år 1700, deretter 7 dagar i november, deretter droppa skotårsdagen i 1704, 1708 og 1712. Dei gjennomførde det fyrste draget, men så vart det heile gløymt. Kong Karl XII av Sverige måtte difor i 1711 gjenopptaka arbeidet med å få orden på den svenske kalenderen. I 1712 gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, med å ha 30 dagar i februar. Fyrst i 1753 gjekk dei over til den gregorianske kalenderen, med å hoppe frå 17. februar til 1. mars.