Den greske ortodokse kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den gresk-ortodokse kyrkja)
Merk at omgrepet gresk-ortodoks òg er bruka som ei fellesnemning for alle austlege kyrkjer som brukar liturgien frå Bysants. Det er òg bruka som namn på det ortodokse patriarkatet i Antiokia.

Den greske ortodokse kyrkja er ei av femten sjølvstendige ortodokse kyrkjer. Ho har over 10 000 000 medlemmer. Kyrkja har vore viktig for kulturen i Hellas og har sidan 1864 vore landets statsreligion.

Kyrkja var fram til 1800-talet underlagt patriarkatet i Konstantinopel. Ho hevda seg sjølvstendig i 1833, og vart offisielt godkjend som det i 1850.

Kyrkja er leia av erkebiskopen av Aten. Kyrkja er delt inn i 81 bispedømme. 20 bispedømme i Nordhellas står formelt under den økumeniske patriarken i Konstantinopel med sete i Istanbul, men er reelt administrert frå Aten. Synoden, som er samansett av alle biskopane som er under leiinga av erkebiskopen av Aten, er øvste styresmakt i kyrkja.


Autokefaliske og autonome ortodokse kyrkjer
Autokefaliske kyrkjer
Dei fire gamle patriarkata: Konstantinopel | Alexandria | Antiokia | Jerusalem
Dei fem nye patriarkata: Russland | Serbia | Romania | Bulgaria | Georgia
Autokefaliske erkebispedømme: Kypros | Hellas | Polen | Albania | Tsjekkia og Slovakia | Amerika* | Ukraina*
Autonome kyrkjer
Sinai | Finland | Estland* | Japan* | Kina*
Merket * tyder at autokefaliet eller autonomiet ikkje er akseptert i heile den ortodokse verda.