Den guddomlege liturgien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den guddomlege liturgien: Prest som tenstegjer ved altaret

Den guddomlege liturgien er Den ortodokse kyrkja si nemning for det ein i tradisjonell vestleg kristendom kallar for messe, og står i den bysantiske tradisjonen. I liturgien tilber ein den uforståelege løyndomen Gud (Treeininga) og sameininga av den guddomlege og menneskelege naturen i Jesus Kristus (inkarnasjonen eller ikjøtinga). I Den guddomlege liturgien vert frelseshistoria framstilla og gjennopplevd på ein dramatisk måte. Frelseshistoria omhandlar historia frå då Gud skapte verda, menneska sitt fall, menneska si historie etter fallet, Jesu inkarnasjon og gjerning på krossen og framtida då Gud skal nyskapa verda.

Ulike utgåver av Den guddomlege liturgien[endre | endre wikiteksten]

Liturgiane er hovudsakleg like i struktur og innhald, men med nokre forskjellar.

Ledda åt liturgien (ordo)[endre | endre wikiteksten]

Liturgien har tre hovuddelar:

I Proskomedien
Presten og diakonen førebur gudstenesta med syndsvedkjenning og bøner. Til kvart liturgisk plagg dei tek på seg, ber dei bestemte bøner og gjer forskjellige ritar. Dei førebur også nattverdselementa («slaktinga av lammet»).
II Liturgien åt katekumenane (missa catechumenorum)
Vert innleia med orda: «Lova vere riket åt Faderen, og Sonen og Den Heilage Ande no og i all æve.» I denne delen framførar ein ei rekkje songar, hymner salmar og bøner. Spesielt viktig er her den «vesle inngangen» der presten tek evangelieboka og gjev den til diakonen. Dei ber den gjennom den nordlege porten i ikonostasen («ikonvegg») og ut i kyrkjeskipet (denne neminnga er eigentleg vestleg). Handlinga symobliserer Jesu komme til jorda (inkarnasjonen). Til slutt les ein dagens epistel- og evangelietekst eventuelt etterfylgd av ei preike.
III Liturgien åt dei truande (missa fidelium)
Denne delen av gudstenesta inneheld den «store inngangen» der diakonen og presten ber nattverdselementa (brød og vin) ut gjennom nordporten i ikonostasen og ut i kyrkjeskipet. Så ber ein nattverdselementa gjennom den kongelege porten inn i koret (der dei gjennom nattverdshandlinga vert til Jesu Kristi lekam og blod). Handlinga symboliserer Jesu reise til Jerusalem, til si liding og død. Prest og kyrkjelyd seier så saman truvedkjenninga (Nikenum) — utan det kontroversielle Filioque-tillegget og ber Herrens bøn. Etter dette fylgjer toppunktet i liturgien, nemleg nattverden (med ei rekkje ledd som er noko annleis enn i andre ritar). Dei siste to tinga som skjer er fyrst den «siste inngangen» der restane av nattverdselementa vert bore inn i koret igjen, noko som symboliserer Kristi himmelfart. Det andre og aller siste er velsigninga: «Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.»

Gudstenestefeiringa er metta med symbolikk og talar til alt ved det menneskelege; intellektet, alle sansane åt kroppen, etc. Då storfyrst Vladimir sende sendeboda sine til Bysants på 900-talet for å finna ut noko om kristendommen, vende sendeboda heim til Kiev og meddela sine inntrykk frå den gresk-ortodokse gudstenesta i Konstantinopel. De hadde opplevd den i Hagia Sofiakyrkja (som i dag er museum), og kunne fortelja at dei under gudstenesta ikkje hadde visst om dei var i himmelen eller på jorda.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Breivega, Ola (utg.) Den guddomlege liturgien etter vår heilage fader Jon Gullmunn, erkebisp i Miklagard. Norsk bokreidingslag. Bergen. 1989.
  • Johansen, Johannes R. (utg.) Ortodoks bønnebok med forklaringer og liten katekisme. Solum forlag. Oslo. 2002.
  • Johansen, Johannes R. (utg.) Den ortodokse kirkes guddommelige liturgier. Solum forlag. Oslo. 2005.