Den gule flekken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oftalmogram med den gule flekken som ein mørk flekk til venstre i bildet. Den blinde flekken er til venstre der blodårene går saman.
Den gule flekken (medisinsk latin macula lutea) er ein del av menneskeauget som er særleg viktig for fargesynet og for evna til å sjå små detaljar. Flekken er danna av ei lita oval grop i netthinna ved den bakre polen av auget. Han er svakt gulfarga, den horisontale diameteren er rundt 2 mm hjå vaksne menneske.
Sanseepitelet her inneheld berre tettsitjande tappar. Når ein ser direkte på noko, vil lysstrålene frå dette falla på midten av den gule flekken, fovea centralis, der synet er skarpast.
Skade på den gule flekken kan føra til stor forringing av synet. Eldre menneske kan tidvis oppleva endringar i den gule flekken, macula-degenerasjon, som kan medføra at lesesynet går tapt.
Kjelder [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Figur | 1. Bakre augekammer 2. Ora serrata 3. Ciliarmuskelen 4. Zonula ciliaris (zonulatrådar) 5. Schlemms kanal 6. Pupill 7. Framre augekammer 8. Hornhinna (cornea, kornea) 9. Regnbogehinne (iris) 10. Linse (ytre lag) 11. Linse (kjerne) 12. Processus ciliares 13. Bindehinna (Konjunktiva) 14. M. obliquus inferior 15. M. rectus inferior 16. M. rectus medialis 17. Arterier og vener i netthinna 18. Den blinde flekken, synsnervepapillen 19. Den harde hjernehinna (Dura mater) 20. Arteria centralis retinae 21. Vena centralis retinae 22. Synsnerva 23. (ei av fleire) Venae vorticosae 24. Vagina bulbi 25. Den gule flekken (macula lutea) 26. Fovea 27. Senehinna (Sklera) 28. Årehinna (koroidea, choroidea) 29. M. rectus superior 30. Netthinna (retina) | |
| Andre augedelar | Augelok · augevipper · augebryn | |
| Væsker i auget | Glaslekam · kammervatn · tårer | |