Den heilage Hallvard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sankt Hallvard på Oslos byvåpen

Den heilage Hallvard er ein norsk helgen med minnedag ved hallvardsmesse, 15. mai.

Hallvard Vebjørnsson (ca. 10201043) var fødd i Lier som einaste son av Vebjørn og Torny på Husaby i Lier. Torny, mor hans, var søsterdotter til Åsta Gudbrandsdotter, som var mor til kong Olav Haraldsson.

I følgje legenda vart Hallvard drepen da han prøvde å redde ei kone som med urette vart forfølgd, klaga for tjuveri. Hallvard vart drepen med tre pilar og søkkt i Drammensfjorden med ein mylnestein om halsen. Etter ei tid flaut liket opp. Da var huda hans like frisk, og vidjekvisten som batt steinen til halsen hadde fått friske skot. Dette vart tolka som jærteikn og som ei stadfesting på at han hadde gjort ein stordåd: Han hadde forsøkt å redde ei ukjend kone, eller han hadde ofra livet sitt for ei tjuvkjerring.

I 1053 gav kong Harald Sigurdsson ordre om at liket skulle gravast opp og flyttast til Mariakyrkja i Oslo. Helgenskrinet vart flytta til Sankt Hallvardskyrkja da ho var ferdig i 1130.

Hallvard vart vernehelgen for Oslo, som enno ber dei tre pilane og kvernsteinen som skjoldmerke. Som helgen har han vore dyrka i Noreg, på Island og vest i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]