Den heilage Lucia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lucia
Lucia
Martyr
Fødd cirka 283
Død 304
Trussamfunn Den katolske kyrkja
Festdag 13. desember
Vernehelgen for Synskada, sjuke barn, prostituerte som angrar seg, vevarar m.fl.
Denne artikkelen handlar om helgenen Lucia. For feiringa, sjå Luciadagen.

Lucia (tradisjonelle datoar 283304) (latin, ’den lysande’, ’lysberaren’), var ein kristen martyr frå SiracusaSicilia som blir feira som helgen i den katolske kyrkja med festdag 13. desember.

Den unge kristne jomfrua Lucia lei martyrdøden under keisar Diokletian. Ho blir i kristen kunst framstilt med eit sverd eller ein dolk og eit sår i halsen. Ho kan også halde to augo på eit fat. Grunnen er at legenda seier at ho før ho døydde reiv ut augo sine og sendte dei til han ho var trulova med. Jomfru Maria skal ha gjeve ho eit par nye og enno vakrare augo. Som attributt har ho dessutan ein palmekvist og ei oljelampe eller eit lys i handa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Omsett frå Wikipedia på Svensk.