Den heilage Scholastica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scholastica
SantaScolastica Montecassino.jpg
Statue av Scholastica i Montecassino
Fødd cirka 480 i Nursia (Nórcia)
Daud 10. februar 547 (tradisjonelt 543) ved Monte Cassino
Helgen i Den katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja
Festdag 10. februar
Vernehelgen nonner (benediktinarnonner), Le Mans, Montecassino; for regn, mot torevêr, ved krampar hjå barn
Symbol Krusifiks, due

Scholastica (ca. 480-ca. 543 eller 547) var ei italiensk nonne som er rekna som helgen i den katolske og den ortodokse kyrkja. Etter tradisjonen var ho tvillingsyster til Benedikt av Nursia, grunnleggjaren av benediktinarordenen, og dei to blir ofte avbilda saman. Scholastica har minnedag 10. februar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste opplysingar om Scholastica kjem frå dialogane til pave Gregor den store, som blei skrivne i 593/94. I tillegg finst det fleire folkelege tradisjonar om henne. Livet hennar er ikkje dokumentert, og ein del forskarar har sådd tvil i om ho eigentleg har levd, eller om ho berre var ein andeleg rettleiar for Benedikt.

Scholastica og Benedikt avbilda i eit benediktinarkloster i Petrópolis i Brasil.

Scholastica og Benedikt var frå Nursia (no Nórcia i den sentrale italienske provinsen Perugia i Umbria). Dei skal ha vore tvillingar, og hadde i det minste eit nært tilhøve. Mor deira skal ha døydd i barselseng. Scholastica blei vigd Gud frå ung alder, men det er uklart om ho budde hjå faren, i eit mindre religiøst kvinnefellesskap eller i eit nonnekloster i Plombariola. Ho er seinare blitt rekna som abbedisse for eit slikt kloster som var underlagd Benedikt, og dermed som den første benediktinarnonna.

Hovudforteljinga til Gregor den store går ut på at dei to syskena berre kunne treffast ein dag kvart år. Den siste gongen dei møttest, bad Scholastica broren om å bli natta over så dei kunne fortsetja den andelege samtalen sin, men han insisterte på at han måtte dra tilbake til cella si for natta, slik ordensregelen kravde. Då bøygde Scholastica hovudet og bad. Kort tid etter braut det ut uvêr, og Benedikt måtte bli verande. Tre dagar seinare døydde Scholastica, og Benedikt hadde ein visjon av ei due som forlét kroppen hennar og flaug til himmels.

Religiøse bilde med Benedikt og Scholastica øvst til venstre og høgre.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Benedikt gravla syster si i grava han hadde førebudd for seg sjølv i Montecassino. Her blei også han gravlagd seinare. Relikviane hennar er omstridde, dei skal ha blitt flytta fleire gonger. Ei tid skal dei ha vore i Peterskyrkja i Le Mans, som ho er vernehelgen for. Translasjonen (flyttinga) blir feira 11. juli.

I helgenbilde blir Scholastica som regel avbilda som nonne i habitt, med bispestav og krusifiks i hendene, nokre gonger med ei due ved føtene. Ofte blir ho avbilda saman med broren Benedikt. Det finst òg fleire avbildingar saman med den heilage Justina av Padova.

I Subiaco ligg både benediktinarklosteret grunnlagd av den heilage Benedikt og nonneklosteret Santa Scolastica bigd til henne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den heilage Scholastica

Kjelder[endre | endre wikiteksten]