Den hercynske orogenesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Dei hercynske fjella i midten av karbontida. Dagens kystinjer er markerte i grått for referanse.[1]

Den hercynske fjellkjedfoldinga eller den variskiske fjellkjedefoldinga var ein orogenese eller fjellkjedefolding der jordskorpa vart pressa saman i karbon- og permtida ved slutten av oldtida til jorda for 360–250 millionar år sidan. Nedslitne restar av dei hercynske fjellkjedene opptrer i eit belte gjennom Europa frå sørlege Irland og Storbritannia (Devonshire, Cornwall), til det europeiske fastlandet i Bretagne, Ardennene, Schwarzwald, Vogesane og Massif Central. Utanfor Europa er dei kjent i Uralfjella og Novaja Zemlja, i eit belte frå Kaspihavet til Kina og i Appalachane i USA. På nordsida av foldesona, og mellom greinene til sona, vart det i karbon danna store sedimentfylte basseng med tjukke lag av kol, særleg i Vest-Europa og USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Basert på Matte (2001) og Ziegler (1990)