Den indonesiske gjennomstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den indonesiske gjennomstraumen er ein havstraum transporterer vatn mellom Stillehavet og Det indiske havet gjennom øyane i Indonesia. I nord går straumen gjennom Makassarsundet og Malaccasunda. Dei indonesiske sjøane fungerer som eit basseng og straumen held fram sørover og går ut gjennom Lomboksundet, Ombaisundet og Timorsjøen. Retninga til straumen varierer gjennom årdet, men den totale årlege nettotransporten er houvdsakleg sørover frå Stillehavet og inn i Det indiske havet.

Så lenge ein har måledata var det berre i 1998 at ein hadde nettotransport nordover, og dette var truleg ein seineffekt av El Niño.

Straumen transporterer relativt varmt og ferskt vatn til Det indiske havet, og vert ført vidare mot Afrika av Sørekvatorialstraumen. Utafor Afrika går det inn i Agulhasstraumen og inn i Atlanterhavet sør for Sør-Afrika.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk