Den industrielle revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den industrielle revolusjon)
Gå til: navigering, søk
Watts dampmaskin

Den industrielle revolusjonen er ei nemning på omfattande samfunnsmessige og teknologiske endringar som starta i Storbritannia i byrjinga av 1750-talet. Bruk av omgrepet revolusjon har vorte kritisert, då dette var ein langsam prosess, og nokon revolusjon var det eigentleg ikkje tale om. Prosessen hang i England saman med enclosure movement, privatiseringa av allmenningsrettane som gjorde at mange småbønder mista levebrødet sitt. Det skaffa både investeringskapital til godseigarane, som vart rikare, og arbeidskraft som vart tvinga inn til byane.

Brukbare dampmaskinar vart utvikla på 1700-talet. I starten vart dei nytta til å driva maskinar innan tekstilindustrien og innan gruvedrift. Etter kvart vart dampskip og jarnvegar med damplokomotiv vanlegare, og gjorde at transport kunne skje i større omfang. I løpet av 1800-talet vart dei industrielle omveltingene spreidde til Vest-Europa, Nord-Amerika og Japan.

I prosessen vart det ei omfattande flytting av folkesetnaden. Mange folk flytta frå landsbygda til byane og industrisamfunna som vart bygd opp. Såleis starta ein prosess med urbanisering. I store trekk var den industrielle revolusjonen ei omdanning frå eit bondesamfunn med vekt på jordbruk, til eit industrisamfunn med vekt på industriell produksjon.

Med den andre industrielle revolusjonen mot slutten av 1800-talet byrja Tyskland og USA å ta leiinga innan industriutvikling. Industriutbygging bygd på vasskraft fann stad i stor skala i Noreg i tida etter hundreårsskiftet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]