Den internasjonale olympiske komitéen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den internasjonale olympiske komitéen
Verwaltungsgebäude des IOK - Lausanne.jpg
Hovudkontoret i Lausanne.
Skipa 23. juni 1894
Grunnleggjar Pierre de Coubertin
Hovudkontor Lausanne i Sveits
President Jacques Rogge
Motto Citius, Altius, Fortius

Den internasjonale olympiske komitéen (IOK; engelsk International Olympic Committee, IOC; fransk Comité international olympique, CIO) er ein internasjonal ikkje-statleg organisasjon, skipa av den franske baronen Pierre de Coubertin 23. juni 1894. Hovudkontoret ligg i Lausanne i Sveits og organisasjonen har i dag 105 aktive medlemmar og 34 æresmedelammar.

IOK arrangerar Dei olympiske sommarleikane, Dei olympiske vinterleikane, Dei olympiske sommarleikane for ungdom og Dei olympiske vinterleikane for ungdom. Alle leikane vert arrangert kvart fjerde år. Dei 1. olympiske sommarleikane vart arrangert av IOK i den greske hovudstaden Aten i 1896. Dei 1. olympiske vinterleikane vart arrangert i den franske byen Chamonix i 1924. Fram til 1992 vart både sommar- og vinter-OL arrangert same år. IOK flytta dimed vinter-OL med to år for at det skulle verte betre tid til planleggjing av leikane. Dei 1. olympiske sommarleikane for ungdom vart arrangert i bystaten Singapore i 2010 og Dei 1. olympiske vinterleikane for ungdom vart arrangert i den austerrikske byen Innsbruck i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.