Den iranske revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den iranske revolusjonen i 1979 er hendingane som førte til at monarkiet under sjah Muhammed Reza Pahlavi vart styrta og erstatta av ein islamsk republikk under ayatollah Ruhollah Khomeini.[1]

Dei første store demonstrasjonane mot sjahen byrja i januar 1978. Mellom august og desember dette året var det mange store streikar og demonstrasjonar.

Sjahen forlét Iran midt i januar 1979, og to veker seinare kom Khomeini tilbake frå eksilet sitt. Sjah-regimet braut saman 11. februar,[1] da opprørsstyrkar slo regimetru styrkar i gateslag.

Ei folkeavstemming gjorde landet til islamsk republikk 1. april.[1] Iran vart eit teokrati med Khomeini som øvste leiar i desember 1979. Følgjene av revolusjonen er sterkt omstridde, ikkje minst blant iranarane sjølve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Afary, J. «Iranian Revolution». Encyclopedia Britannica. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den iranske revolusjonen