Den kaledonske kanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den kaledonske kanalen nær Inverness
Den kaledonske kanalen, sluse ved Fort Augustus

Den kaledonske kanalen (engelsk: Caledonian Canal) i Skottland bind saman den skotske austkysten ved Inverness med vestkysten ved Corpach nær Fort William.

Kanalen strekkjer seg om lag 100 kilometer (62 miles) frå nordaust mot sørvest. Berre om lag tredjeparten av denne distansen er utgraven, resten består av innsjøane Loch Dochfour, Loch Ness, Loch Oich og Loch Lochy. Desse sjøane er ein del av landskapsformasjonen The Great Glen, ei geologisk forkasting i jordskorpa. Det er 29 sluser (medrekna åtte ved «Neptune’s Staircase»), fire akveduktar og 10 bruer langsetter kanalen.

Kanalen vart planlagt av ingeniøren Thomas Telford, bygd mellom 1803 og 1822, men vart aldri nokon kommersiell suksess. I utgangspunktet var han bygd for grunn for mykje av båttrafikken, og stadvis var òg konstruksjonen for dårleg, så det meste av trafikken nytta sjøfartsleiene som før. Kanalen vart ikkje gjort djupare før 1847 (arbeidet vart leia av Telfords nære medarbeidar, ingeniøren James Walker). Men på den tida var dei fleste skipa vortne for store for kanalen, og Inverness fekk også jarnvegssamband med låglandet, så kanalen fekk heller ikkje no noka større rolle i transport eller samferdsel. Kanalen vert no for ein stor del nytta av lystfarty. Han vert vedlikehalden og driven av British Waterways, eit statleg føretak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]