Den kasakhstanske steppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den kasakhstanske steppa tidleg på våren

Den kasakhstanske steppa eller Den kirgiskske steppa er eit vidstrekt område med opne grassletter nord i Kasakhstan og i delar av Russland. Ho strekkjer seg vest til Den pontisk-kaspiske steppa og aust til Emindalen og dannar ein del av Den eurasiatiske steppa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Steppa strekkjer seg meir enn 2 200 km frå området aust for Den kaspiske senkinga og nord for Aralsjøen, heilt til Altajfjella. Ho er den største tørre steppa på jorda og dekkjer om lag 804 500 km². Den kasakhstanske steppa ligg sør for Uralfjella, som ofte vert rekna som grensa mellom Europa og Asia. Mykje av steppa vert rekna som anten halvørken eller ørken. Det turanske låglandet ligg i den sørvestlege delen av steppa, men høgda aukar generelt austover og nordover på steppa, med eit par unntak.

Den pontisk-kaspiske steppa ligg vest i vest og nordvest. I nord og nordaust ligg Den kasakhstanske skogssteppa, ein økoregion med treklynger av furu på grasslettene som dannar ein overgang mellom Den kasakhstanske steppa og skogane i Sibir. I sør ligg økoregionane Den kasakhstanske halvørkenen og Det kaskhstanske høglandet. Koktsjetav-massivet nord i sentrale delar av Kasakhstan ligg som eit isolert området i Det kasakhstanske høglandet og stikk seg opp frå den omliggande steppa.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Regionen får om lag 200 til 400 mm regn i løpet av eit år med mest nedbør i dei nordlege områda av steppa. Middeltemperaturen i juli varierer frå 20 °C til 26 °C og i januar frå -12 °C til -18 °C. Klimaet kan samanliknast med den kanadiske prærien. Stundom kan særs kraftige vind feie over slettene.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

På grunn av lite nedbør er det særs få tre på steppa, som hovudsakleg består av grassletter og store sanddekte område.

Av dyr som ein kan finne på steppa er saigaantilope, sibirsk rådyr, ulv, rev og grevling.

Folk[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege områda av Den kasakhstanske steppa er særs tynt folkesett med mellom to og tre menneske per kvadratkilometer. Lenger aust på steppa aukar folketettleiken til mellom fire og sju menneske per kvadratkilometer. Kasakstanarane utgjer majoriteten av innbyggjarane i området. Russland leiger om lag 7 360 km² av sletta i dei sørlege områda av steppa for den eldste romhamna i verda, Kosmodrom Bajkonur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]