Den kaspiske flotiljen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sleeve Insignia of the Russian Caspian Flotilla.
Kaspihavet

Den kaspiske flotiljen (russisk Каспийская флотилия, Kaspijskaja flotilja) er den eldste russiske militære flotiljen, stasjonert i Kaspihavet. Han fekk Ordenen av den raude fanen i 1945.

Den kaspiske flotiljen vart oppretta i november 1722 i Astrakhan etter ordre frå Peter den store. Han vart leia av admiral Fjodor Apraksin og deltok i den russisk-persiske krigen 1722–1723 og Den russisk-persiske krigen 1804-1813, og assisterte den russisk armeen i erobringa av Derbent og Baku under Den persiske ekspedisjonen 1796. Etter Gulistan-traktaten i 1813 vart flotiljen den einaste attverande i Kaspihavet. Baku vart den viktigaste basen i 1867.

Flotiljen deltok aktivt i den russiske revolusjonen for den raude armeen. Under den andre verdskrigen 1941-1945 sikra flotiljen viktige skipsruter for soldatar, militært utstyr og forskjellig last, særleg under slaget ved Stalingrad og slaget om Kaukasus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]