Den kaspiske senkinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den kaspiske senkinga og det nordlege Kaspihavet sett frå rommet

Den kaspiske senkinga (russisk Прикаспийская низменность, Prikaspijskaja inzmjennost) er ei lågtliggande slette i området nord for Kaspihavet, den største innsjøen i verda.[1]. Senkinga ligg i den sørlege enden av Rynørkenen i både Kasakhstan og Russland og er ein del av Den aralsk-kaspiske senkinga. Det meste av den russiske republikken Kalmykia ligg i Den kaspiske senkinga. Elva Volga renn gjennom området på veg til Kaspihavet. Dei andre store elvane som renn gjennom senkinga til Kaspihavet er Sefid-Roud frå Iran og Uralfjella. Uralelva og Volga sine elvedelta er kjenneteikna ved vidstrekte våtmarksområde.

Den nordkaspiske senkinga er ein del av den kontinentale eller halvtørr ørkenbiomet. Området får om lag 300 mm nedbør eller mindre i løpet av eit år, og mindre enn 10 % av området er irrigert. Karagije, det lågaste punktet i Kasakhstan, ligg i senkinga, 132 meter under havnivå.

Det meste av Den kaspiske senkinga ligg under havnivå og består av store område med myrland i aust. Det er eit av dei største flate låglanda i Sentral-Asia og dekkjer om lag 200 000 km². Området er rikt på olje og naturgass og fleire gass- og oljerøyrleidningar kryssar området frå nord til sør og frå aust til vest. Mange geologar meiner at Kaspihavet og senkinga vart danna av tektoniske krefter. Enkelte av dei meiner i tillegg at den nordkaspiske senkinga vart skild frå det opne havet for lenge sidan og danna ein enorm salt sjø. Ein del av den gamle Silkevegen gjekk gjennom regionen. Dei to største byane i senkinga er Astrakhan i Russland og Atyrau i Kasakhstan. I dag vert regionen hovudsakleg nytta som beitemarker for buskap.

Senkinga er òg kjenneteikna av saltdomar, særleg volgogradsaltet, der storleiken på domane veks kraftig frå Ryn og mot Kaspihavet. Russiske satellittbilete har vist store førekomstar av saltdomar (om lag 1 200) i Den kaspiske senkinga vest i Kasakhstan. Ein dom heiter Tsjeklarfeltet og dekkjer eit areal på 3 237 km² og er nesten 8 km djupt.

I dei sørlege områda av senkinga, eller nordkysten av Kaspihavet, finn ein store fuktige område på grunn av tidvassfenomen. Ein finn òg mange insektartar i senkinga og truleg fleire hundretusen artar i regionen rundt Kaspihavet. Studiar har vist at vassforureining, truleg frå Volga, truar det biologiske mangfaldet i Den kaspiske senkinga. Vassforureininga kjem hovudsakleg frå industri, jordbruk og hushaldningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Caspian Depression» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2008.
  • The Caspian Environment Programme - [1]
  • Evaporites of North Border of North Caspian Depression - Internet Geology News Letter No. 178, 13. januar 2003
  • Space Today Online - [2]
  • World Atlas, Millennium Edition, s. 260

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Caspian Sea » General background. Caspian Environment Programme. Vitja 31. desember 2006.

Koordinatar: 47°02′N 47°24′E