Den katolske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristendommen
Icthys-symbolet
Retningar

Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk |

Den katolske kyrkja (av gresk katholikos, som tyder 'ålmenn' eller 'universell') er eit samleomgrep på dei kristne kyrkjene som har paven i Roma som overhovud.[1] Kyrkja er det største kyrkjesamfunnet i verda, med over 1 milliard døypte medlemmer.[2]

I den katolske kyrkja finn ein 23 særkyrkjer, der den romersk-katolske kyrkja («vestkyrkja» eller «den latinske kyrkja») er den klårt største, med eit oppgjeve medlemstal på 1,2 milliardar i 2014.[3] Dei andre 21 særkyrkjene er orientalske katolske kyrkjer (eller «katolske kyrkjer av orientalske ritar»). Når ein snakkar om den katolske kyrkja, meiner ein ofte den romersk-katolske. Andre kyrkjer som kallar seg katolske er den anglikanske kyrkja og visse protestantiske retningar.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Petersplassen i Vatikanet minner om at den katolske kyrkja er bygt opp rundt apostelen Peter.

Den kristne kyrkja vart tidleg organisert under fem patriarkar med sete i Jerusalem, Antiokia, Alexandria, Konstantinopel og Roma. Patriarken i Roma, paven, fekk tidleg ei særstilling, då bispesetet has vert rekna som ei direkte arv frå apostelen Peter. Etter at det vest-romerske-riket fall på 400-talet vart Konstantinopel gradvis viktigare reint politisk og økonomisk, medan doktrinære skilnadar mellom den austlege og vestlege kyrkja gradvis utvikla seg.

I 1054 oppstod det store skismaet mellom patriarkane i Konstantinopel og Roma, og kyrkja vart splitta i det som i dag er kjent som den katolske kyrkja og den ortodokse kyrkja. På slutten av 1400-talet kom det til dage strid omkring dogme, tradisjonar og fromskap. Det leia til at fleire kyrkjesamfunn vart splitta og nye vart stifta, noko som i sær hende i Nord-Europa og England (Døme: den lutherske kyrkja)

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei gamle norske stavkyrkjer, som denne i Lom kommune, var alle bygde som katolske kyrkjer.

Kyrkja som vart tufta i Noreg på 900-talet, var katolsk og frå første stund underlagt paven i Roma. Dei første kristne i Noreg var truleg innvandrarar frå dei britiske øyane. Av di kongemakta verna om kristendommen og tvinga folket til å ta del i dei kristne rituala og halde seg vekk frå heiden kult og gravleggingspraksis, vart kristendomen den klårt dominerande, og etter kvart den einaste trua. Med kong Olav den heilage festa den katolske kristendomen grepet som einaste religion i Noreg, ikkje minst som fylgje av at kyrkja gjorde kongen til helgen etter at han døydde på slagmarka i 1030, og lekamen hans i Nidaros vart eit valfartsmål for pilegrimar. I 1153 vart Nidaros erklært erkebispesete og Nidaros erkebispedøme vart etablert. Noreg vart, i definisjonen, ein eigen kyrkjeleg provins.

Den katolske kyrkja var den einaste kyrkja i Noreg fram til Reformasjonen i 1537, då ho vart forboden. I dansketida var det i mindre periodar tillate for katolikkar å opphalde seg i landet, men dei hadde ikkje lov til å utøve religionen sin. I 1843 vart det gjeve dispensasjon til å skipe ein ny katolsk kyrkjelyd i Oslo.

Per 2005 var det om lag 46 000 katolikkar i Noreg, eller vel 1 % av folkesetnaden i landet. Fleirtalet av desse, om lag 27 000, har innvandrarbakgrunn og høyrer til dei orientalske ritane, i sær dei som har etiopisk opphav. Men det er likevel ikkje etablert eigne kyrkjelydar for orientalske ritar i Noreg.

Det er eit katolsk bispedøme i Noreg, Oslo katolske bispedømme, og to stift, Trondheim katolske stift og Tromsø katolske stift. Til saman dekkjer dei heile landet, inklusive Svalbard (som høyrar til Tromsø stift). Bispedømet og stifta vert styrte av kvar sin biskop, og kvart av dei rapporterer beinveges til paven i Roma. Til saman har dei 32 kyrkjelydar. I 2000 gav Den katolske kyrkja ut salmeboka LOV HERREN.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Den katolske kyrkja er bygd opp hierarkisk, med paven som øvste leiar. Under han sit sit ein administrasjon av kardinalar, og under dei igjen biskopane med kvar sine geografiske ansvarsområder som vert kalla bispedømer. Den uttrykte hovudoppgåva til biskopen er å forkynne og overvake den kyrkjelege disiplinen i sitt område. Saman med paven har biskopane del i kyrkja sitt læreembete (magisterium). Under biskopen og heilt nedst i hierarkiet kjem kyrkjelydane, der soknepresten har det høgste embetet. Etter det andre vatikankonsilet (mellom 1962 og 1965) har lekmenn òg til dels fått ei større rolle i den katolske kyrkja.

Lære[endre | endre wikiteksten]

Den katolske kyrkja vedkjenner seg den kristne trua slik den er nedfelt i den nikenske trusvedkjenninga. Sams med andre kristne kyrkjer reknar ho Bibelen som den viktigaste kjelda til å få kjennskap til Gud. I tillegg til det legg katolsk lære stor vekt på tradisjon og tradisjonsbundne tolkingar av av Bibelen, skrifter og anna som har vore ein del av kristen skikk sidan oldkyrkjeleg tid.

Dei sju sakramenta, der dåp og nattverd er dei viktigaste, står sentralt i den katolske læra. Dei fem andre sakramenta er konfirmasjon (ofte kalla "ferming" i katolsk tradisjon), skriftemål, vigsel, ordinasjon og salving av sjuke. Katolsk lære skil seg frå protestantisk (som er den rådande læra i Den norske kyrkja) både i tal på sakrament og i innhaldet i dei sakramenta det gjeld.

For utanforståande er gjerne det mest synlege trekket i den katolske kyrkja det sterke forholdet dei truande har til helgenar, og då særleg Jomfru Maria (mor til Jesus). I katolsk lære går dei heilage (personar som etter døden kjem direkte inn i Himmelen) i forbønn for dei levande. Difor vert helgenane heidra gjennom festdagar, ikon og relikviar. Under Reformasjonen var ei av hovudskuldingane mot den katolske kyrkja at dei framstilte helgenane som avgudar (noko som går imot dei ti bud), men i katolsk lære vert den æra dei viser helgenane ei heilt anna enn den dei viser Gud åleine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Organisasjon», katolsk.no (vitja 6. desember 2014)
  2. BBC: Factfile: Roman Catholics around the world april 2005. «The Roman Catholic Church - the largest branch of Christianity - says there are a total of 1.086 billion baptised members around the globe. This figure is expected to exceed 1.1 billion in 2005, with rapid growth in Africa and Asia. However, there are no reliable figures for the number of practising Catholics worldwide.»
  3. «Vatican statistics report church growth remains steady worldwide». National Catholic Reporter. 2 May 2014. http://ncronline.org/news/faith-parish/vatican-statistics-report-church-growth-remains-steady-worldwide. Henta 30 May 2014. .
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]