Den kuriske bukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den kuriske landtunga og bukta

Den kuriske bukta eller Den kuriske lagunen (litauisk Kuršių marios; latvisk Kuršu joma, polsk Zalew Kuroński, tysk Kurisches Haff, russisk Kуршский залив, Kursjskij zaliv) er ei bukt i Austersjøen som ligg mellom fastlandet i Litauen og Den kuriske landtunga.

Landsatbilete

På 1200-talet var området rundt lagunen ein del av dei gamle landområda til kurarane og dei gamle prøysarane. Seinare grensa ho til det historiske området Vetlelitauen. Nord for landtunga er det ein passasje til Austersjøen, og her grunnla riddarar frå Den tyske riddarordenen i 1252 borga Memelburg og byen Memel. Byen har offisielt vorte kalla Klaipėda sidan 1923 då Memelområdet vart skild ut frå Det tysk riket. Som ei mellomkrigsgrense vart elva som renn ut i Den kuriske bukta nær Rusnė (tysk Ruß) vald. Dei nedre 120 km av elva vart i Tyskland kalla die Memel av tyskarane, medan den øvre delen i Litauen vart kalla Nemunas.

Grensa delte òg halvøya nær den vetle feriebyen Nida (tysk Nidden).

Den sørlege delen av landtunga og lagunen vart verande ein del av Tyskland fram til 1945. Denne grensa eksisterer framleis. Sørenden av landtunga og det tyske området sør for Nemunas, delen av Aust-Preussen med byen Königsberg i Sambia, vart ein del av eksklaven i Russland kalla Kaliningrad oblast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°00′00″N 21°00′00″E