Den kvite hesten frå Uffington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 51°34′39″N 1°34′00″W

Whitehorse Hill
ås
none  Den kvite hesten sett frå verdsrommet
Den kvite hesten sett frå verdsrommet
Land Flag of England.svg England
stad Oxfordshire
 - høgd 261 moh
 - skardhøgd 79 m

Den kvite hesten frå Uffington (engelsk: Uffington White Horse) er ein oldtids åsfigur som strekkjer seg over åsane i Berkshire. Teikninga er særs gammal, og blir omtalt i ei eventyrbok frå 100-talet e.Kr. Hesten har òg vore gjenstand for ei mengd teoriar, der den merkelegaste er at hesten eigentleg er eit dyr ved namn iktyosaurus.

Oldtidsforskarar meinte på 1600-talet at hesten var symbolet på den anglosaksiske kong Hengist, medan andre meiner hesten er laga av ein jernalderkultus. Det blir hevda og at hesten er eit bestillingsverk for kong Alfred den store, då Uffington ein gong var ein del av riket hans. Det blir sagt at hesten var eit minnesmerke over sigrane hans over danskane i år 871 e.Kr.

Hesten er funne på myntar frå 100-talet f.Kr, noko som er like før den romerske invasjonen av øyriket, av professor og arkeolog Stuart Pigott frå Uffington. Han konkluderer dermed med at han må daterast til då.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]