Den libyske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei dokka som skal etterlikna Gaddafi heng med opprørsflagget i bakgrunnnen frå ei kran på Martyrplassen i Tripoli, nokre dagar etter at opprørarane tok byen.
Bygningar nær Tripoli-brui med skadar dei fekk frå krigføringi i Benghazi 19. mars

Den libyske borgarkrigen, stundom kalla den libyske revolusjonen, var ein borgarkrig som fann stad i Libya i 2011 mellom opprørarar og styrkar lojale til den libyske leiaren Muammar Gaddafi. Borgarkrigen enda med hertakingi av Sirte og drapet på Gaddafi.

[endre] Utviklingi

I fyrstningi var borgarkrigen ein oppreist i Benghazi aust i Libya, og tok til med protestar 15. og 16. februar mot at menneskerettsaktivisten Fethi Tarbel vart gripen. Opprøret vart væpna og spreidde seg, og etter nokre dagar hadde opprørar teke kontrollen over heile det austlege Libya og byen Misrata i vest.

Etter kvart som krigslukka for opprørarane vart veikt, og den Gaddafi-lojale heren snøgt nærma seg opprørshovudsetet i Benghazi, vart det vedteke ei flyforbodssona av Tryggingsrådet i SN, og at medlemslandi kunne nytta «alle turvande råder» for «å verna den sivile folkesetnaden i Libya». Ein internasjonal koalisjon med Frankrike og Storbritannia i spissen, seinare leidd av NATO, sette i verk dei fyrste flyåtaki 19. mars med mandatet som bakgrunn, og stogga Gaddafi-heren som då var i utkanten av Benghazi.

Med bortimot daglege NATO-bombetokt fekk opprørarane krigslukka attende, og etter stundom langsame framrykkingar hertok opprørarane mykje av hovudstaden Tripoli den 23. august, og fekk etter nokre dagar full kontroll. 20. oktober hertok opprørarane Sirte, heimbyen til Gaddafi, og den siste større folkesette staden som framleis hadde stridande Gaddafi-lojale styrkar. Gaddafi vart like etter drepen i området. 23. oktober kunngjorde Overgangsrådet at Libya var frigjort.

[endre] Kjeldor

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk