Den lokale gruppa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den lokale gruppa er ein liten galaksehop som inneheld rundt 40 galaksar, mellom anna Mjølkevegen, Dei magellanske skyene, Andromedagalaksen og Triangelgalaksen. Dei fleste galaksane i Den lokale gruppa er dverggalaksar. Hopen dekkjer eit område fleire millionar lysår på tvers. Galaksane i hopen er bundne saman av gravitasjon, slik at dei i motsetning til andre, meir fjerne galaksar, ikkje er på veg vekk ifrå kvarandre.
Den lokale gruppa høyrer vidare til superhopen Jomfru-superhopen.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Local Group» s.232 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.