Den lovgjevande makta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lovgjevande makt er makt til å vedta, endre og oppheve lover. Lovgjevande makt er eit av dei tre maktområda som blir definerte og halde frå kvarandre etter maktfordelingsprinsippet. Lovgjevande makt skal etter maktfordelingsprinsippet ligge hos demokratisk valde nasjonalforsamlingar og parlament, som gjerne også har einerett til å ilegge skattar og avgifter, vedta budsjett og løyvingar, og godkjenne traktatar og krigserklæringar.

I Noreg er den lovgjevande makta Stortinget, i andre land til dømes: I Danmark Folketinget, i Storbritannia Parlamentet og i USA Kongressen.

Den lovgjevande makta i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det norske Stortinget
Foto: Konstantin Lübeck

I Noreg blir den lovgjevande makta, Stortinget, valde av folket. I § 49 i den norske Grunnlova heiter det at: «Folket utøver den lovgivende Magt ved Storthinget.»

Gjennom parlamentarismen har folket også kontroll over den utøvande makta, regjeringa.

Den lovgjevande makta og den utøvande makta har ikkje innflytelse over korleis den dømmande makta, domstolene, avgjer enkeltsaker. Dette er eit viktig fundament for maktfordelingsprinsippet.

Etter at Noreg har underteikna EØS-avtalen, er det i praksis ikkje alltid Stortinget som er den lovgjevande makta. Noreg si lovgjevande makt, Stortinget, er gjennom avtalen i praksis forplikta til å innføre EU-direktiv i norsk rett. Noreg har ein formell rett til å reservere seg mot å innføre direktiv, men dette er ein rett Noreg til no ikkje har nytta.

EØS-avtalen førte også til at suverenitet i praksis har blitt overført til EFTAs overvåkningsorgan (ESA) og EFTA-domstolen, når det gjeld handheving av konkurransereglane. Dette kan føre til overstyring av lover og reglar som er vedtekne av Stortinget, jfr til dømes Finnanger-saka.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]