Den midtatlantiske ryggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den midtatlantiske ryggen er tydeleg på denne framstillinga frå NASA.

Den midtatlantiske ryggen er ein undersjøisk fjellkjede (midthavsrygg) som går midt gjennom heile Atlanterhavet, frå Nordishavet til Sørishavet.

Ryggen blei til for rundt 55 millionar år sidan og veks framleis, slik at Amerika og Afria/Europa fjernar seg frå kvarandre. Vulkanaktivitet langs fjellkjeda har skapt Jan Mayen, Island, Asorane og Penedos de São Pedro e São Paulo nord for ekvator og Ascension Island, Tristan da Cunha, Gough Island og Bouvetøya sør for ekvator.