Sjahádah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den indiske byen, sjå Shahada i Nandurbar.

Sjahádah er namnet på den muslimske truvedkjenninga og blir rekna som éi av dei fem søylene i religionen islam:

لا إله إلا الله ومحمد رسول الله

Lā ’ilāha ’illā llāha wa Muḥammadun rasūlu llāhi.

“Ikkje finst nokon annan gud enn Alláh, og Muḥammad er Bodberaren åt Alláh.”

Omgrepa nabi (profet) og rasul (Sendebod)[endre | endre wikiteksten]

I islam skil ein mellom anbiyyā (fl.) og rusul:

  • Ein nabi (pl. anbiyyā) er ein generell profet. Menneske som blir rekna mellom dei største nabiane i islam inkluderer Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa ibn Maryam (Jesus) og Nuh (Noah).
  • Ein rasul (pl. rusul el. mursalín) er høgare grad av profet, eller ‘Alláh sin Bodberar’. Den største rasulen i islam, og dermed den største av dei fem største nabiane i islam, er Muhammed.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei av dei tidlegaste omsetjingane av shahádahen til eit anna språk er ei gresk omsetjing frå styrestida åt al-Walid I (86–96 AH, 705715 evt.): Ouk estin theos ei mē ho theos monos, Maamet apostolos theou.[1] (Ordrett: 'Det finst ingen gud utanom den eine Gud, Muḥammad er Guds bodberar.')

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Truvedkjenninga i arabisk kalligrafi blir mykje brukt som dekorasjon i muslimsk kultur. Ho finst mellom anna på det saudiarabiske flagget og på fleire det afghanske flagget og riksvåpenet.


Konvertering[endre | endre wikiteksten]

Når ein ikkje-muslim seier sjahádahen med ærleg intensjon føre to muslimske vitne, blir dette rekna som ei offentleg og gyldig erklæring av konvertering til islam.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne islamartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.