Den nordatlantiske straumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utviklinga til Golfstraumen som vest for Irland held fram nordaustover som Den nordatlantiske straumen.

Den nordatlantiske straumen er ein kraftig, varm havstraum som driv Golfstraumen nordaustover. Vest for Irland deler han seg i to. Ei grein, Kanaristraumen, går sørover, medan den andre held fram nordover til kysten av Nordvest-Europa. Ein meiner at straumen har ein stor innverknad på gjere klimaet mildt i området, men det òg enkelte som meiner dette er feil.[1] Andre greiner er Irmingerstraumen og Den norske atlanterhavsstraumen. Han er driven av den globale termohaline sirkulasjonen og vert ofte rekna som ein del av den vinddrivne Golfstraumen som går lenger aust og nord frå den nordamerikanske kysten, over Atlanterhavet mot Nordishavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. R. SEAGER, D. S. BATTISTI, J. YIN, N. GORDON, N. NAIK, A. C. CLEMENT, and M. A. CANE (2002). «Is the Gulf Stream responsible for Europe’s mild winters?» (PDF). Quarterly Journal of the Royal Meteorological Society. Henta 6. september 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]