Den nordkinesiske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den nordkinesiske sletta dekkjer det nedre løpet til Huangelva (Guleelva) og sideelvane hennar, i tillegg til steppene i nord.
Frå den nordkinesiske sletta.

Den nordkinesiske sletta (kin. 华北平原, Huáběi Píngyuán) er eit slettelandskap nordaust i Kina. Landskapet er bygd opp av mangeårige avsetjingar frå Huangelva og er den største alluviale sletta i Aust-Asia. Sletta dekkjer rundt 409 500 kvadratkilometer, det meste under 50 moh.

Sletta er avgrensa av Yanshanfjella i nord og Taihangfjella i vest. I sør går ho over i Yangtzesletta. Frå nordaust til søraust ligg ho ved Bo Hai-bukta, høgdedraga på Shandonghalvøya og mot Gulehavet. Huangelva renn gjennom sletta og ut i Bo Hai.

Den sørlege delen av sletta blir tradisjonelt omtalt som sentralsletta (中原, Zhōngyuán), og er rekna som årestaden for kinesisk sivilisasjon.

Sletta er i dag eit av dei tettast folkesette områda i verda.

Den kinesiske hovudstaden Beijing ligg på den nordaustlegaste fliken av sletta saman med hamne- og industribyen Tianjin.

Sletta er det viktigaste produksjonsområdet i Kina for sorghum, hirse, mais og bomull. Ein dyrkar også mykje kveite, sesam, peanøtter og tobakk her.

Dagangfeltet i Tianjin og Shenglifeltet i nordvestlege Shandong er store og viktige oljefelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]