Den norske Forfatterforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lokala til Den norske forfattarforeining ligg i Rådhusgata 7 i Oslo, i eit av byens eldste hus.

Den norske Forfatterforening (DnF) er ei foreining for norske skjønnlitterære forfattarar. DnF vart stifta i 1893. Foreininga har til formål å verne og fremje norsk litteratur og å take vare på dei faglege og økonomiske interessene til forfattarane. DnF driv òg internasjonalt solidaritetsarbeid for forfølgde forfattarar. I 2004 hadde foreininga 513 medlemer. Leiaren er frå mars 2012 forfattaren Sigmund Løvåsen.[1]

Stipend og «Det litterære råd»[endre | endre wikiteksten]

Den norske Forfatterforening forvaltar ei rad stipend, finansierte av eigne eller statlege middel, for utdeling til medlemer og ikkje-medlemer. Det litterære råd har av ni medlemer og gjev innstilling i alle saker av litterær art og ved utdeling av stipend. Blant andre har Paal-Helge Haugen, Svein Jarvoll og Ann Kavli vore leiarar i rådet.

I 1952 meldte 29 forfattarar seg ut av Den norske Forfatterforening og danna Forfatterforeningen av 1952. Denne foreininga gjekk attende til DnF i 1966.

Formenn[endre | endre wikiteksten]

(Lista er ikkje fullstendig)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stian Johansen (26. mars 2012). ««Løvåsen ny leder i Forfatterforeningen»». Bok&Samfunn. Henta 12. april 2012. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]