Den norske grunnlova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den norske grunnlova er den høgste rettskjelda i Noreg. Andre åtgjerder som kjem i strid med denne, må vike. Grunnlova inneheld åtgjerder om statsforma, om menneskerettar, om den lovgjevande makta (Stortinget), den utøvande makta (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eidsvollsamlinga, måla av Oscar Wergeland.

Kongeriget Norges Grundlov blei vedteken av RiksforsamlingaEidsvoll den 17. mai 1814 av 112 menn og sanksjonert av den valde kongen, Kristian Frederik (kronprinsen av Danmark), to dagar seinare. Etter ein kortvarig krig med Sverige vart Noreg tvunge inn i personalunion med Sverige og måtte revidere grunnlova i høve til dette 4. november 1814. Desse endringane blei omgjorde ved oppløysinga av den vel 90-årige unionen 7. juni 1905 – byrjinga på sjølvstendet til det moderne Noreg.

Grunnlova var inspirert av den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og menneskerettserklæringa frå den franske revolusjonen i 1789, og dei påfølgjande amerikanske og franske konstitusjonane. Då ho blei til var den norske grunnlova blant dei mest radikale grunnlovene i Europa.

Ei nynorsk omsetjing av grunnlova vart skrive av Nikolaus Gjelsvik på oppdrag frå Justisdepartementet i 1901. Denne vart fremja som grunnlovsforslag av sju stortingsrepresentantar 15. juni 1906. Dette forslaget vart avvist.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Wikikilden:GrunnlovenWikikilden (frie originaltekstar)