Den palearktiske regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over den palearktiske regionen

Den palearktiske regionen er ein av dei åtte biogeografiske sonane kloten vert delt opp i. Han er fysisk sett den største av dei, og omfattar Europa, Asia nord for Himalaya, Nord-Afrika og nordlege og sentrale delar av Arabia.

Dei palearktiske økosystema er hovudsakleg boreale eller tempererte, med eit belte av arktisk tundra heilt i nord og tropiske ørkenar i sør.

Ofte vert den palearktiske regionen slått saman med nearktisk region (Nord-Amerika) til holarktisk region. Dette er på grunn av at økosystema er særs like i desse to områda; både når det kjem til fysiske og klimaktiske tilhøve og når det gjeld kva dyre- og plantegrupper som førekjem.