Den portugisiske kolonikrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei portugisiske koloniane i Afrika då kolonikrigen braut ut.

Den portugisiske kolonikrigen (portugisisk Guerra Colonial eller Guerra do Ultramar, 'Den oversjøiske krigen'), blei utkjempa mellom Portugal og dei gryande nasjonalistrørslene i dei afrikanske koloniane til landet mellom 1961 og 1974. Sjølvstendegrupper i ulike land, særleg i Angola, Mosambik og Portugisisk Guinea, samla seg i løpet av 1960-åra under paraplyorganisasjonen CONCP. Folkeleg misnøye i Portugal med dei militære utgiftene spesielt og militærdiktaturet generelt førte til den såkalla Nellikrevolusjonen i Lisboa i april 1974, der regimet fall. Krigen enda med at tusenvis av portugisiske statsborgarar og militærpersonell forlet dei afrikanske landa, medan borgarkrigar som skulle vara i fleire tiår braut ut i Angola og Mosambik.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.