Den raude plassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Den raude plassen i august 2007.
Anna utsyn over Den raude plassen i august 2001

Den raude plassen (russisk Красная площадь, Krasnaja plosjtsjad) er ein vidkjend plass i Moskva i Russland. Sidan 1991 har plassen vore innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Den raude plassen er omkransa av Kreml, Vasilijkatedralen, det gamle kjøpesenteret GUM og Det nasjonalhistoriske museumet. Føre Kreml ligg æresgravplassen der mellom anna Leonid Bresjnev, Josef Stalin, Maksim Gorkij, Klara Zetkin og Jurij Gagarin er gravlagd, og Leninmausoleumet.

Namnet på plassen kjem ikkje av fargen raud, men av at ordet krasnaja som på gammalrussisk tydde både «vakker» og «raud». Plassen var opphavleg kjend som Velikij Torg ('Stortorget') eller berre Torg. Han blei deretter kalla Troitskaya etter den vesle Treeiningskyrkja som stod her fram til ho brann opp under tatarinvasjonen i 1571. Etterpå blei plassen kjend som Pozjar, 'brend'. Først på midten av 1600-talet blei han kalla krasnaja.

Under sovjettida vart han nytta til store militærparadar.

28. mai 1987 landa tyskaren Mathias Rust på brua Vasilevski Spusk like ved den raude plassen med eit småfly, før han taksa småflyet inn på den raude plassen der han vart arrestert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den raude plassen