Den raude stjerna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den raude stjerna med gult omriss på det sovjetiske flagget.

Den raude stjerna er som politisk symbol først og fremst eit sosialistisk og kommunistisk symbol bruka av svært ulike organisasjonar og styresmakter i fleire verdsdelar. Dei fem takkane på stjerna skal stå for dei fem fingrane på ei hand såvel som for dei fem verdsdelane.

Tidlegare bruk[endre | endre wikiteksten]

Det jugoslaviske flagget under kommunisttida.
Vietnam brukar gul stjerne, fordi flagget er raudt.

I Sovjetunionen blei den raude stjerna mellom anna bruka på soldatluene i Den raude armeen og på anna militært utstyr heilt frå tida etter revolusjonen i 1917. I det sovjetiske flagget fekk stjerna eit gult omriss for å synast på det raude flagget, attmed hammaren og sigden.

I Noreg i mellomkrigstida blei den raude stjerna bruka som merket til Arbeidernes Idrettsforbund (AIF).

Under andre verdskrigen blei den raude stjerna bruka som merke av anti-fascistiske partisanrørsler i fleire land, mellom dei Jugoslavia.

Mange nye kommunistiske statar etter andre verdskrigen bruka òg stjerna i flagget sitt, på riksvåpen, på uniformar og på anna utstyr. Ettersom dei gjerne tok utgangspunkt i det raude flagget, var det like vanleg å ha stjerna i ein annan farge enn raud. Flagget til Nord-Korea og det tidlegare Jugoslavia har begge ei raud stjerne, medan Folkerepublikken Kina og Vietnam brukar gule stjerner, fordi flagga er raude.

Bruk i dag[endre | endre wikiteksten]

Den raude stjerna i det nordkoreanske flagget.

Då Sovjetunionen og fleire andre kommuniststatar fall blei den raude stjerna avskaffa saman med andre kommunistsymbol. Somme land som framleis er leidde av parti som kallar seg kommunistiske brukar stjerna enno; såleis Kina, Vietnam og Nord-Korea. Etter at kommunismen fall er det i Ungarn blitt forbode å visa eller bruka symbolet.

Demokratiske sosialistparti har òg halde fram med bruken av den raude stjerna. I Brasil er ho til dømes partisymbolet til Arbeidarpartiet (Partido dos Trabalhadores), som blei stifta i 1980. President Lula (2002-) kjem frå dette partiet. Ungdomsorganisasjonen til det svenske Vänsterpartiet, Ung Vänster, brukar òg ei raud stjerne som merke. I Noreg blir den raude stjerna bruka av Sosialistisk Ungdom, ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Venstreparti, aleine eller saman med eit raudt flagg i logoen deira.

Partiet Raudt har i dag (2008) nokre spesielt utforma raude stjerner som symbol, og ungdomsorganisasjonen deira, Raud Ungdom, har ei kvit stjerne på raud botn som merke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den raude stjerna