Regjeringa Stoltenberg II
Regjeringa Stoltenberg II er den sittande regjeringa i Noreg. Den vart danna med Jens Stoltenberg som statsminister, etter Stortingsvalet 2005. Regjeringa er ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Regjeringa blir ofte kalla den raud-grøne regjeringa. Etter Stortingsvalet 2009, har dei tre regjeringspartia framleis fleirtal i Stortinget, og held dermed fram med regjeringssamarbeidet. 20. oktober 2009 vart det presentert fleire endringar blant medlemmene av regjeringa, statsrådane, og den har difor i media også blitt omtalt som Regjeringa Stoltenberg III.
Innhaldsliste |
[endre] Regjeringa sin første periode, 2005-2009
Då valresultatet viste at dei tre partia til saman fekk fleirtal i Stortinget, byrja regjeringsforhandlingar mellom dei tre den 26. september 2005 på konferansestaden Soria Moria i Oslo. Soria Moria-erklæringa er ei nemning på forhandlingsresultatet, som er det politiske grunnlaget for regjeringa.
Den nye regjeringa vart oppnemnd av Kongen i statsråd med verknad frå den 17. oktober 2005.
[endre] Regjeringa sin andre periode, 2009-
Dei tre regjeringspartia vann Stortingsvalet 2009, og fekk dermed høve til å halde fram i regjering. Dei tre partileiarane Stoltenberg, Navarsete og Halvorsen starta regjeringsforhandlingane måndag 21. september i Regjeringskvartalet i Oslo.
Onsdag 7. oktober 2009 la dei tre partia fram Soria Moria II, ei ny regjeringserklæring som skal fungere som ei plattform for det vidare arbeidet med å styre Noreg. Denne erklæringa vart lagt fram på konferansestaden Soria Moria i Oslo, på same måte som etter valet i 2005.
[endre] Noverande samansetting av regjeringa
Frå 20. oktober 2009
Regjeringa har totalt 20 medlemer, 12 statsrådar representerer Arbeidarpartiet, medan Sp og SV har fire statsrådar kvar. Statsministeren og partileiarar frå Sp og SV er rangert øvst, deretter kjem utanriksministeren og så resten av statsrådane i vilkårleg rekkjefølgje.
Statsminister: Jens Stoltenberg (Ap)
Statsrådar i:
Kommunal- og regionaldepartementet:
- Liv Signe Navarsete (Sp)
- Kristin Halvorsen (SV)
- Utanriksminister: Jonas Gahr Støre (Ap)
- Utviklingssaker: Erik Solheim
- Grete Faremo (Ap)
- Sigbjørn Johnsen (Ap)
Nærings- og handelsdepartementet:
- Trond Giske (Ap)
Helse- og omsorgsdepartementet:
- Erik Solheim (SV)
- Hanne Inger Bjurstrøm (Ap) (Sjefsforhandlar i klimasaker) 20. oktober 2009 - 20. desember 2009
Justis- og politidepartementet:
- Knut Storberget (Ap)
- Terje Riis-Johansen (Sp)
Statsministerens kontor (Stabssjef):
- Tora Aasland (SV) (forsking og høgare utdanning)
Kultur- og kyrkjedepartementet:
- Anniken Huitfeldt (Ap) 20. oktober 2009 - 31. desember 2009
- Rigmor Aasrud (Ap) (kyrjesakene) 20. oktober 2009 - 31. desember 2009
- Anniken Huitfeldt 1. januar 2010 -
Landbruks- og matdepartementet:
- Lars Peder Brekk (Sp)
Fornyings- og administrasjonsdepartementet:
- Rigmor Aasrud (Ap)
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet:
- Rigmor Aasrud (Ap) 1. januar 2010 -
Arbeids- og inkluderingsdepartementet:
- Rigmor Aasrud (Ap) (settestatsråd) 20. oktober 2009 - 21. desember 2009
- Hanne Inger Bjurstrøm 21. desember 2009 -
Fiskeri- og kystdepartementet:
- Lisbeth Berg-Hansen (Ap)
Barne- og likestillingsdepartementet
- Audun Lysbakken (SV) 20. oktober 2009 - 31. desember 2009
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet:
- Audun Lysbakken (SV) 1. januar 2010 -
[endre] Tidlegare medlemer av regjeringa
Denne lista er sortert etter statsrådpostane.
- 17. oktober 2005 - 20. juni 2008 var Bjarne Håkon Hanssen arbeids- og inkluderingsminister
- 17. oktober 2005 - 21. september 2007 var Odd Roger Enoksen olje- og energiminister
- 21. september 2007 - 19. juni 2008 var Åslaug Haga olje- og energiminister
- 17. oktober 2005 - 21. september 2007 var Åslaug Haga kommunalminister
- 17. oktober 2005 - 18. oktober 2007 var Øystein Djupedal kunnskapsminister
- 17. oktober 2005 - 18. oktober 2007 var Karita Bekkemellem barne- og likestillingsminister
- 18. oktober 2007 - 15. februar 2008 var Manuela Ramin-Osmundsen barneminister
- 17. oktober 2005 - 18. oktober 2007 var Helen Bjørnøy miljøvernminister
- 17. oktober 2005 - 18. oktober 2007 var Erik Solheim utviklingsminister
- 17. oktober 2005 - 29. september 2006 var Odd Eriksen næringsminister
- 29. september 2006 - 20. juni 2008 var Dag Terje Andersen næringsminister
- 17. oktober 2005 - 20. juni 2008 var Sylvia Brustad helse- og omsorgsminister
- 17. oktober 2005 - 20. juni 2008 var Terje Riis-Johansen landbruksminister
| Føregjengar Regjeringa Bondevik II |
Norske regjeringar 2005–? |
Etterfylgjar ? |
[endre] Kjelder
Regjeringa Stoltenberg II hos regjeringa.no, vitja 26. desember 2009