Den russisk-ortodokse kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristendommen
Icthys-symbolet
Retningar

Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk |

Moskvas og heile Russlands patriarkat (Moskvapatriarkatet), på norsk vanlegvis kalla Den russisk-ortodokse kyrkja, er i dag den største av dei ortodokse kyrkjene. På russisk Русская Православная Церковь (Russkaya Pravoslavnaya Tserkov) eller Московский Патриархат (Moskovskiy Patriarkhat). Kyrkja har meir enn 80 millionar medlemmer, utan at det er råd å oppgje noko eksakt medlemstal. Fram til 1917 var den ortodokse kyrkja statskyrkje, og ho har på ein heilt spesiell måte vore identifisert med russisk kultur og historie.

Kristendommen kom til Russland frå Bysants tidleg i mellomalderen. Kyrkja reknar si soge frå år 988, då fyrst Vladimir vart kristna. Ho hadde senteret sitt i Kiev fram til mongolarinvasjonen i 1240. Kyrkja fekk sidan ei ny blømingstid med senter i området rundt Moskva.

Kyrkja vart i praksis sjølvstendig frå Det økumeniske patriarkatet i 1448. Ho vart godkjend som eit eige patriarkat i 1589. Kyrkja vart etterkvart nært knytt til tsarveldet. Etter revolusjonen vart stat og kyrkje åtskilt. Frå 1922–23 starta sovjetstaten ein omfattande forfølging av kristne, og tusenar av prestar, munkar og nonner vart avretta eller omkom i arbeidsleirar. Kyrkja vart fråteken all eigedom. Under den andre verdskrigen fekk kyrkja igjen ein viss fridom, men på 1950-talet vart kyrkja pålagt nye restriksjonar.

Frå og med i 1980-åra har kyrkja igjen fått omfattande innverknad i det russiske samfunnet.

Patriarken har tittelen Patriark av Moskva og heile Russland. No er Kirill, tidlegare Metropolitt for Smolensk og Kaliningrad patriark i den russisk-ortodokse kyrkja. Han tok over etter Aleksej II (Aleksej Mikhajlovitsj Ridiger) som døydde 5. desember i 2008[1].

Den russiske ortodokse kyrkja i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Etter oktoberrevolusjonen grunnla ei gruppe russiske emmigrantar ei ortodoks kyrkjelyd i Oslo, «Hellige Nikolai menighet», men denne er ikkje underlagt Moskvapatriarkatet. Kyrkjelyden har heile tida vore underlagt erkebiskopen for russiske kyrkjelydar i Vest-Europa med sentrum i Paris, som igjen er ein del av Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel.

«Hellige Treenighet Kirkeforening» vart danna i 2002 for å bidra til å gjere trua og tradisjonane til den russisk-ortodokse kyrkja tilgjengelege for norskspråklige. Foreininga er òg eit kontaktpunkt for norskspråklege i dei russisk-ortodokse kyrkjelydene i Noreg. I Noreg er det tre kyrkjelydar underlagt Moskvapatriarkatet:

Kyrkjelyden Heilage Olga[endre | endre wikiteksten]

«Hellige Olga menighet» i Oslo har som kyrkje Vår Frelsers ortodokse kirke, som ligg i Akersveien 33, ved ein av portane til Vår Frelsers gravlund. Presten i Oslo forrettar òg gudstenester i kapellet som er vigd til Heilage Nikolai i Tromsø bymisjon sine lokaler.

Kyrkjelyden Kristi åpenbaringsmenighet[endre | endre wikiteksten]

«Kristi åpenbaringsmenighet» i Bergen har St. Sunniva kapell, men har òg halde til i Mariakyrkja. Presten i Bergen held òg stundom gudstenester i Stavanger.

Kyrkjelyden Heilage Irina[endre | endre wikiteksten]

«Hellige Irina menighet» i Stavanger feirar gudstenester i den katolske St. Svithuns kirke i Stavanger.

Kyrkjelyden Heilage Trifon[endre | endre wikiteksten]

Biskopen av Murmansk og Montsjegorsk har ansvaret for den russisk-ortodokse kyrkjelyden i Kirkenes, «Hellige Trifons menighet»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Den russisk ortodokse kirke i Norge

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Autokefaliske og autonome ortodokse kyrkjer
Autokefaliske kyrkjer
Dei fire gamle patriarkata: Konstantinopel | Alexandria | Antiokia | Jerusalem
Dei fem nye patriarkata: Russland | Serbia | Romania | Bulgaria | Georgia
Autokefaliske erkebispedømme: Kypros | Hellas | Polen | Albania | Tsjekkia og Slovakia | Amerika*
Autonome kyrkjer
Sinai | Finland | Estland* | Japan* | Kina* | Ukraina*
Merket * tyder at autokefaliet eller autonomiet ikkje er akseptert i heile den ortodokse verda.