Den russisk-tyrkiske krigen (1710–1711)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prut-felttoget
Del av Den store nordiske krigen, russisk-tyrkiske krigar
Prut pohod in 1711-en.svg
Dato 1710-1711
Stad Prut
Resultat Avgjerande osmansk siger
Partar
Flag of the Ottoman Empire (1453-1517).svg Det osmanske riket
Gerae-tamga.svg Krim-kanatet
Flag of Sweden.svg Sverige
Flagget til Russland Det russiske imperiet[1]
Flag of Moldavia.svg Fyrstedømet Moldova
Kommandantar
Flag of the Ottoman Empire (1453-1517).svg Baltacı Mehmet Pasha
Flag of the Ottoman Empire (1453-1517).svg Agha Yusuf Pasha
Gerae-tamga.svg Devlet II Giray
Flagget til SverigeKarl XII av Sverige
Peter den store
Boris Sjeremetev
Dimitrije Kantemir
Styrkar
220 000 60 000
Tap
Ukjend Ukjend

Krigen mellom Russland og Det osmanske riket braut ut etter at russarane hadde slått Sverige i slaget ved Poltava. Med hjelp frå austerrikske og franske diplomatar, klarte den skadde Karl XII av Sverige å rømme frå slagmarka til hoffet til den osmanske sultanen Ahmed III, som han overtalte til å erklære krig mot Russland den 20. november 1710.

Den største hendinga i konflikten var det dårleg førebudde Prut-felttoget i 1711, der russiske troppar kommandert av Peter den store og Boris Sjeremetev prøvde å invadere Moldova med støtte frå den moldoviske herskaren Dimitrije Kantemir, men vart omringa og slått av osmanske styrkar under storvesir Baltacı Mehmet Pasha i eit avgjerande slag ved Stănileşti (starta 18. juli 1711).

Konflikten enda 21. juli med Prut-traktaten, noko Karl XII vart særs misnøgd med. Avtalen fastsette at osmanarane skulle trekkje seg attende til Azov, Taganrog og fleire russiske festninga skulle øydeleggjast, medan tsaren lovde å ikkje blande seg inn i føretaka til Det polsk-litauiske samveldet.

Tyrkiske historikarar har tradisjonelt hevda at Baltacı Mehmet Pasha gjorde ein strategisk feil då han signerte avtalen med relativt enkle vilkår for russarane, sidan han hadde ein langt større osmansk styrke. Sidan Peter sjølv kommanderte den russiske armeen og hadde ikkje Baltacı Mehmet Pasha akseptert fredsforslaget til Peter og teke han som fange i staden, kunne historia sett annleis ut. Utan Peter ville truleg ikkje Russland ha vorte ei stormakt og framtidig erkefiende for tyrkarane på Balkan, og rundt Svartehavet og Kaukasus.

Sjølv om nyhendene om sigeren vart først godt motteke i Konstantinopel, vendte dei misnøgde krigshissige gruppene dei generelle meiningane mot Baltacı Mehmet Pasha, som vart skulda for å ha motteke muting frå Peter den store. Baltacı Mehmet Pasha vart så sagt opp frå stillinga si.

Karl XII og hans politiske allierte, khanen på Krim, Devlet II Giray, gav seg ikkje med å prøve å få sultanen til å erklære krig. Våren etter klarte neste krigstilhengjarane, som skulda russarane for å brote vilkåra i avtalen, å oppnå målet sitt. Ved hjelp av diplomati klarte ein å unngå krig, og ein ny avtale vart signert den 17. april 1712. Eit år etter den nye avtalen, fekk likevel krigstilhengjarane det slik dei ville, då dei skulda russarane for å vere for treige med å trekkje seg ut av Polen. Ahmed III erklærte på ny krig 30. april 1713, men det kom aldri til trefningar og ein ny fredsavtale vart forhandla fram like etter. Til slutt vart sultanen irritert på krigstilhengjarane og gav ordre om å arresterte svenskekongen, medan Devlet II Giray vart sendt i eksil. Karl XII forlet Det osmanske riket og drog til Stralsund i Svensk Pommern som då var kringsett av styrkar frå Sachsen, Preussen og Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Det var òg grupper av Dnepr-kosakkar allierte med kvar av dei stridande partane: hetmanatet til Orliki eksil for osmanarane og Det kosakkiske hetmanatet til Skoropadskij for Russland.