Den russiske hungersnauda 1601-1603

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den russiske hungersnauda 1601–1603 var den verste hungersnauda som har råka Russland og tok kanskje livet av ein tredjedel av folkesetnaden under problemtida, då det politiske styret vakla og landet seinare blei invadert av Det polsk-litauiske samveldet. Ho var ein del av ei verdsomspennande klimaendring med særs kalde vintrar og uår, som i 2008 blei sett i samanheng med vulkanutbrot i Peru.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Hungersnauda var truleg knytt til eit vulkanutbrot i Peru frå vulkanen Huaynaputina. Han kasta ut 16 millionar til 32 millionar tonn med partiklar i atmosfæren, i hovudsak svoveldioksid som danna svovelsyre (sjå vulkanvinter). Dette svekka sollyset som nådde jordoverflata og skapte ein massiv hungersnaud og svært kalde vintrar i åra etter.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Folk blei desperate av svolt og åt det dei kunne finna, «gras om sommaren og høy om vinteren, som fe». Det er også blitt fortald om kannibalisme. Tsaren Boris Godunov henta inn korn til Moskva og selde det for halv pris, delte ut mat og prøvde sysselsetta folk som kom til Moskva med å bygga nye steinhus, men makta ikkje letta hungersnauda.[1]

I løpet av ein periode på to og eit halv år, vart 127 000 lik gravlagd i massegraver berre i Moskva. Omfattande svolt tok kanskje livet av to millionar menneske i Russland. Dei store dødstala rokka ved samfunnssordenen. Hungersnauda kan ha vore medverkande til at tsar Boris Godunov vart styrta, og gjorde at Det polsk-litauiske samveldet kunne okkupera delar av Russland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukjend 1908
Spire Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.