Den austeuropeiske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den russiske sletta)
Topografisk kart over Europa
Topografisk kart over Europa

Den austeuropeiske sletta, Det austeuropeiske låglandet eller Den russiske sletta er ei slette med ei rekkje store elvar i Aust-Europa. Det er det største fjellause området i Europa. Sletta dekkjer eit område på om lag 4 millionar km² og har ei gjennomsnittleg høgd på 170 meter over havet. Ho strekkjer seg frå Uralfjella og dekker det meste av den europeiske delen av Russland, Baltikum, Kviterussland, det meste av Ukraina, Moldova, austlege delar av Polen og vestlege område av Kasakhstan.

Ho grensar til Kvitsjøen og Barentshavet i nord, Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet i aust, Kaukasus og Svartehavet i sør, Karpatane og andre fjell i Polen i vest. Sletta er vidare inndelt i fleire område, som Valdaiåsane, Det sentrale russiske høglandet, Volgahøglandet og låglandet rundt elva Dnepr, Svartehavet og Kaspihavet.

Under Det russiske keisardømet og Sovjetunionen vart sletta her kalla den russiske sletta (russisk Русская равнина eller Russkaja Ravnina). Dette namnet vert stundom òg nytta i dag.

I lag med Det nordeuropeiske låglandet dannar ho Den europeiske sletta.

Land[endre | endre wikiteksten]

Landformer[endre | endre wikiteksten]

Av store landskapstrekk på Den austeuropeiske sletta finn ein:

Store elvar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]