Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken (russisk Росси́йская Сове́тская Федерати́вная Социалисти́ческая Респу́блика, forkorta РСФСР) var den største av dei 15 republikkane i Sovjetunionen, og òg den med flest innbyggarar. Då Sovjetunionen vart oppløyst, vart sovjetrepublikken til dagens Russland. Hovudstaden i republikken var Moskva, som òg var hovudstad for Sovjetunionen.
Staten vart oppretta 7. november 1917. 10. juli 1918 vart den sovjetiske grunnloven godteke. Republikken vart ein del av Sovjetunionen i 1922, og vart formalisert i den sovjetiske grunnloven av 1924. Omgrepet Bolsjevik-Russland vert ofte brukt om perioden 1917 til 1922. I offisielle russiske dokumentar frå den tida, vart republikken kalla ein russisk republikk (russisk: Российская республика) og ein sovjetisk republikk (russisk: Советская республика).
Nikita Khrustsjov overførte Krim frå Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken til Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken i 1955.
Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken var ein del av Sovjetunionen fram til 12. desember 1991, 14 dagar før Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Etter at Sovjetunionen kollapsa var Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken imot eit sosialistisk system og gjekk gjennom fleire reformer. Republikken fekk namnet Den russiske føderasjon under president Boris Jeltsin.
