Den sanne jesuskyrkja
Den sanne jesuskyrkja er eit protestantisk kriste kinesisk kyrkjesamfunn etablert av Paul Wei og Ling i Beijing i Kina i 1917. I 1967 vart det internasjonale hovudkontoret plassert i Los Angeles i USA. Kyrkjesamfunnet har i dag om lag 1,5 million medlemmer i 39 land.
Den sakrament [endre]
1. «Jesus Kristus, ordet som blei kjøt, døydde på krossen for å frelsa syndarar, gjenoppstod på den tredje dagen og drog opp til himmelen. Han er den einaste frelsaren for menneskja, den som har skapt himmelen og jorda, og den einaste guden.»
-
- (1. Timoteusbrev 3:16; 1. korintarbrev 15:3-4; Apostelgjerningane 4:12).
2. «Den heilage Bibelen, med det Gamle og det Nye Testamentet, er inspirert av Gud, den einaste nedskrivne sanninga, og grunnlaget for kristent liv.»
-
- (2. Timoteusbrev 3:16).
3. «Ein får frelse gjennom Guds nåde ved å tru. Ved hjelp av den heilage anden kan truande følgja det heilage, æra Gud, og elska menneskja.»
-
- (Efesarbrevet 2:8).
4. «Den andre koma til Herren vil finna stad på den siste dagen når han kjem ned frå Himmelen for å dømma verda. Dei rettskafne vil få evig liv, men dei syndige vil bli dømde for all tid.»
-
- (Matteus 25:31-34; 1. tessalonikarbrev 4:16-17).