Den skandinaviske myntunionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svensk og dansk 20-krone frå den skandinaviske myntunionen.

Den skandinaviske myntunionen var eit myntsamband som vart skipa mellom Sverige og Danmark i 1872, i samband med at landa gjekk over til kronemynt og gullmyntfot. Noreg slutta seg til myntunionen i 1875. Den skandinaviske myntunionen slo fast at myntar frå alle deltakarlanda skulle sirkulere fritt og ha fullt verd i alle landa. Dei skandinaviske landa forplikta seg til å gje myntane ei lik utforming, med hovudmynt på 10 og 20 kr i gull, og skiljemynt i sølv og bronse.

I 1885 vart myntunionen utvida med ein tilleggsavtale slik at han i røynda òg gjaldt pengesetlar.

I 1914 vart plikta for nasjonalbankane til å løyse pengesetlar inn i gull suspendert. Myntunionen fekk då liten praktisk betydning. Under første verdskrigen førte dei skandinaviske landa svært ulik pengepolitikk. Det førte til at den svenske krona fekk større verdi enn dansk og norsk krone, og det vart uråd for Sverige å halde oppe myntunionen. Etter første verdskrigen vart det ikkje prega gullmynt i Noreg, og skiljemynten vart prega i koparnikkel og jern.

Dansk og norsk skiljemynt som var prega etter myntkonvensjonen vart ugyldige som lovleg betalingsmiddel i Sverige frå og med 6. oktober 1924, same året som Sverige gjeninnførte gullstandarden. Frå 1924 var nye myntar berre gyldige innan kvart enkelt land. For å skilje desse myntane klårt frå mynt frå konvensjonsperioden, vart det prega ein ny serie særskiljemynt med hol. Kopparnikkelmyntane med valør 10-, 25- og 50 øre frå perioden 1920-23 vart gjennomhola i ettertid.

Som ein rest av samarbeidet heldt sirkulasjonen av koparskiljemynt fram ut til 1940-åra. Formelt vart ikkje myntunionen avvikla før i 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]