Den skandinaviske samfunnsmodellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den skandinaviske samfunnsmodellen er ei nemning bruka om samfunnsforholda i dei tre skandinaviske landa, Sverige, Danmark og Noreg, som i nyare historie har utvikla seg nokså parallelt og har mange felles trekk som delvis skil dei frå andre delar av verda. Alle dei tre landa er stabile demokrati med etter måten lange demokratiske tradisjonar, og dei har alle i løpet av det siste hundreåret utvikla ein demokratisk blandingsøkonomi og velferdsstat.

Den skandinaviske samfunnsmodellen vart i stor grad til gjennom ein prosess av prøving og feiling, og er ikkje resultat av ein enkelt plan. Reformvenlege parti og aktørar var avhengige av kompromiss og av å bli attvalde i nasjonalforsamlingar og breie interesseorganisasjonar. Dei sosiale eksperimenta i Skandinavia har derfor hatt brei folkeleg forankring.

Den skandinaviske samfunnsmodellen gjev ei rimeleg sosialforsikring til alle, og små lønsforskjellar mellom arbeidsfolk. Dette gjev sosial tryggleik for det store fleirtalet i samfunnet. Å satse på slike ordningar kan også gje ei positiv økonomisk utvikling, der private bedrifter opptrer på ein sosialt ønskjeleg måte utan at staten endrar eigedomsforholda i særleg grad eller tyr til omfattande proteksjonistiske tiltak.[1]

Dei skandinaviske landa har altså små inntektforskjellar samanlikna med andre delar av verda, dei har generelt låg arbeidsløyse, dei har i hovudsak sentraliserte lønsforhandlingar og generøse velferdsstatar. Samtidig er dei skandinaviske økonomiane kjenneteikna av stor produktivitet, og den skandinaviske modellen kan sjåast som eit konkurransefortrinn i internasjonal økonomi. Dei solidariske og sentraliserte lønsoppgjera, som gjev små lønsforskjellar, og den generøse velferdsstaten, støttar opp om kvarandre og er føresetnader for kvarandre.[2]

Sosialforskar Gösta Esping-Andersen skil mellom tre typar av velferdsstatar: Den anglosaksiske, den kontinentaleuropeiske og den skandinaviske. Den anglosaksiske kviler på betydeleg finansiering gjennom marknaden, og staten si rolle er sterkt redusert. Den viktigaste oppgåva skal vere å utgjere eit nedste sikkerheitsnett og avhjelpe direkte naud. Den kontinentaleuropeiske byggjer utover staten også på arbeidsmarknaden, og sikrar gjennom denne arbeidstakaren mot inntektsbortfall ved arbeidsløyse, sjukdom eller alderdom. I tillegg er familien rekna som eit viktig støttenettverk. Den skandinaviske modellen er òg kalla den sosialdemokratiske modellen. Han byggjer på staten si rolle som sikring av ein sosial sørvis for alle uansett status, det vil seie universelle rettar. Det er skatten som finansierer velferden for alle. Her dreiar det seg ikkje berre om sosiale ytingar til menneske i naud eller til avhjelping av fattigdom, men det er òg ei brei vifte med ytingar frå heimehjelp og daginstitusjonar til utdanning og kultur. Modellen kviler på det som har vore kalla ei samanhengskraft i samfunnet, og motverkar store ulikskapar, blant anna fordi ein ser velferd som ikkje berre noko materielt, men noko som også dreiar seg om kulturell deltaking og sosiale relasjonar.[3]

Det er tre hovudsyn på kva som er ei ønskjeleg utvikling vidare. Liberalistar ønskjer meir marknad og vekt på individet. Sosialistar ser staten som garantien, og lokalsamfunnet og brukarane som faktorar som bør vektleggjast meir. Dei konservative ønskjer å vende tilbake til meir tradisjonelle verdiar som familie og sjølvhjelp.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Moene, K., Den skandinaviske modellen som utviklingsstrategi Arkivert 2007-12-23 ved Wayback Machine., Radikalt økonominettverk. (vitja 28/12-2007)
  2. Maurseth, P.B., Likhet under press, Ny Tid, 14/8-2004
  3. 3,0 3,1 Jørgensen, P.S., Sammenhængskraft er velfærd og det økonomiske grundlag for den, (vitja 28/12-2007)