Den skotske sjølvstendekrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard III invaderer Skottland.
Slaget ved Bannockburn under Den skotske sjølvstendekrigen. Illustrasjon frå 1320/1330-åra.

Den skotske sjølvstendekrigen var ei rekkje militære felttog som blei utkjempa mellom Skottland og England sist på 1200-talet og først på 1300-talet. Den første krigen starta med at England invaderte Skottland i 1296 og ende med underskrivinga av Edinburgh-Northampton-traktaten i 1328. Den andre krigen begynte med at Edvard Balliol og «dei arvelause» invaderte i 1332, og ende med Berwick-traktaten rundt 1357.

Krigane var ein del av den store nasjonale krisa for Skottland, og perioden blei ein av dei mest avgjerande i skotsk historie. Skotsk sjølvstende var drivkrafta gjennom hele konflikten. Ved slutten av begge krigane hadde Skottland framleis status som ein fri og sjølvstendig nasjon. Krigen var også viktig av andre årsaker, som utviklinga av langbogar som eit nøkkelvåpen i mellomaldersk krigføring, og knyttinga av tette band mellom Skottland og Frankrike.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Dei første krigshandlingane vart innleidde etter at kongen av Skottland, Alexander III, døydde i 1286 utan å lata etter seg nokon kronarving. Dette leidde til at dei skotske klanane hamna i disputt om kven som skulle styra landet. Den engelske kongen, Edward Longshanks, hevda at han hadde rett til krona og at Skottland berre var ein del av England. Skottland laga då ei pakt med det engelskfiendtlege Frankrike, og Longshanks bestemte seg for å slå hardt til. I 1296 vart Skottland invadert, og takka vere Longshanks sin store siger i Slaget ved Dunbar vart Skottland raskt okkupert av engelskmennene, noko skottane aldri kunne akseptere.

Under William Wallace samla tusentals skottar seg og starta eit opprør i mai 1297. Den 11. september same året vart engelskmennene sin nordlege armé slegen ved slaget ved Stirling Bridge; skottane triumferte og Wallace vart utropa til regent.

Longshanks kom tilbake i juni 1298 og slo Wallace i Slaget ved Falkirk. Wallace måtte då fly trona og fór til Frankrike. Han vende tilbake til Skottland i byrjinga av 1300-talet og vart teken til fange i Glasgow. Wallace vart ført til London, og pint i hel der.

Alt var likevel ikkje tapt. Longshanks døydde snart av alderdom, og son hans var ikkje like dugande som regent og hærførar. Robert Bruce heldt fram kampen mot England. I det store Slaget ved Bannockburn vart hæren til Edvard II av England slegen, og han flydde med ein båt heim til England. Skottland vart sjølvstendig, og Robert Bruce vart konge.

Frå 1707 vart Skottland og England likevel begge styrt frå London då landa kom i personalunion under Jakob II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]