Den spanske borgarkrigen frå 1820 til 1823

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hertugen av Angoulême under slaget ved Trocadero, måla av Paul Delaroche

Den spanske borgarkrigen frå 1820 til 1823 var ein spansk konflikt mellom rojalistar og liberale i etterdønningane av Napoleonskrigane. Rojalistane fekk støtte av Frankrike, og monarkiet gjekk til sist av med sigeren.

Vanstyret til kong Ferdinand VII av Spania, som hadde nekta å godta den liberale grunnlova av 1812, førte til mykje folkeleg uro, spesielt i hæren. Kongen var i ferd med å gjenerobra dei spanske koloniane i Sør-Amerika som nyleg hadde lausrive seg då opprøret braut laus. I januar 1820 gjorde troppar samla i Cádiz opprør mot uregelmessig løn, dårleg mat og mangelfulle losji. Dei avsette kommandanten sin og tok oberst Rafael del Riego som leiar, svor truskap til grunnlova av 1812, og marsjerte til San Fernando med planar om å fortsetja til Madrid.

Sjølv om opprøret ikkje var spesielt sterkt godtok Ferdinand grunnlova den 9. mars 1820. Ei ny liberal tid tok til, men ho skulle ikkje vara lenge. Revolusjonære liberalarar storma kongsslottet og heldt Ferdinand under ein slags husarrest i tre år. I garnisonen i Madrid skjedde eit nytt mytteri, og borgarkrig braut ut i Castilla, Toledo og Andalusia.

Den heilage alliansen (Russland, Austerrike og Preussen) nekta å gje Ferdinand hjelpen han bad om, men ved kongressen i Verona i 1822 gav alliansen mellom dei fire landa Storbritannia, Frankrike, Nederland og Austerrike Frankrike løyve til å bruka makt for å gjeninnsetta det spanske monarkiet. Dei franske styrkane gjekk inn i Spania, erobra Madrid og dreiv dei revolusjonære styrkane til Cádiz og Sevilla. Eit slag nær Cádiz den 31. august 1823 tok knekken på dei, og snart hadde franskmennene frigjort Ferdinand og gjeninnsett han på trona. Han tok uventa brutal hemn på motstandarane sine, forkasta grunnlova av 1812 og gjeninnførte absolutt einevelde i Spania.