Den store freden i Montreal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kopi av originalavtalen, inkludert piktogram frå dei forskjellige nasjonane..

Den store freden i Montreal var ein fredsavtale mellom Ny-Frankrike og 40 First Nations i Nord-Amerika. Han vart signert den 4. august 1701 av Louis-Hector de Callière, guvernør i Ny-Frankrike, og 1300 representantar frå dei 40 indianarstammene nordaust i Nord-Amerika. Avtalen enda ein 100 år lang krig mellom irokesarane, som var allierte med engelskmennene, og franskmennene, som var allierte med huronar og algonquianar. Det medførte 16 år med fredelege forhold og handel før krigen starta igjen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charlotte Gray 'The Museum Called Canada: 25 Rooms of Wonder' Random House, 2004